mandag 12. november 2007

Varme raude JULEHJERTER! nr.9

Hekla julehjerter i rødt bomullsgarn, Gjestal 12/4, har no 5 stk.
(kvite hjerter kjem seinare)

Slike hjerter har eg laga i fleire år no, eg har ca. 20 stk. til pynt i juletreet. Eg har også brukt dei til "ekstragåve" utanpå julepakkane, har knytt dei på julebandet i lag med merkelappen. I fjor laga eg julekort med slike hjerter, heimelaga kort med passepartout åpning, der sette eg inn eit ark i ein ny farge og festa på hjertet i lysåpninga med tape eller knappenål. Ei fin julehelsing som varer og varer!

Pris: kr 20 pr stk + porto kr 6 (kjem litt an på kor mange du bestiller)


Dersom du vil kjøpe denne vara, sender du meg ein epost.
Adresse og anna info finn du heilt til høgre på bloggsida.


Her ser du størrelsen!

Ingen kommentarer: