Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg

søndag 11. november 2007

Julegåvetips!

Slike juleposar har eg gitt bort som julegåver tidlegare år. Fyll opp i posen med typiske juleting, nokre store og nokre små, nokre harde og nokre mjuke, nokre til å ete opp, anna til å pynte med.

Dersom du ynskjer andre ord på etikettane, så lagar eg gjerne det, men dei må ikkje vere for lange.

Her er ei lita tipsliste:

  • røde/kvite lys
  • juleserviettar
  • julefyrstikker
  • telys
  • twist
  • grøtris
  • hermetisk frukt
  • julefrukter: eple, mandarin, dadler, nøtter
  • sigarer!
  • julekaker
  • gløgg/anna "juledrikk"
  • julepynt